tirsdag 21. oktober 2014

Krig, fred, vald og islam

Individet må gi avkall på personleg fridom for å leve i relativ tryggleik: Tittelbladet til Thomas Hobbes' Leviathan (1651), bilde: Wikimedia


I Dag og Tid 3. Oktober, og igjen i Verdibørsen på NRK P2 18. Oktober spør journalist og forfattar Halvor Tjønn om det er tilfeldig at dei fleste væpna konfliktane i dag er i eller i kring islamske land. Eg er samd med Tjønn i at det knapt er  tilfeldig, og at spørsmålet er blant dei viktigaste for oss som gjerne vil forstå kva som skjer i verda i dag, men i motsetning til Tjønn trur eg ikkje at nokre krigerske vers i Koranen bidreg til å forklare situasjonen.

Tjønns kommentar tek utgangspunkt i dei mange og blodige konfliktane som herjar i Midtausten og Nord-Afrika. Han peiker mellom anna på svake og umodne nasjonalstatar, vektlegging av islamsk fellesskap på tvers av statsgrensene framfør nasjonal tilknyting, manglande teknologisk og økonomisk utvikling, samt mislukka vestleg innblanding. Så langt følgjer eg han i det meste. Vidare legg Tjønn vekt på det såkalla sverdverset i Koranen (sure 9 vers 5), der dei truande blir pålagde å ta livet av avgudsdyrkarar. Som Tjønn peikar på held også andre religionar seg med svært valdelege heilage tekstar, men Tjønn viser til manglande vilje til å diskutere eller ta oppgjer med vanskelege sider ved eigen religion som eit kjennemerke ved islam. Dette knyter han igjen til den moderne historia av religiøst legitimert vald i deler av den islamske verda. Tjønn har sjølvsagt rett i at islam vert brukt i stort monn for å legitimere valdshandlingar, men eg trur ikkje at religionen ligg bak dei fleste konfliktane i en islamske verda.

Slik eg les Tjønns kommentar kjem han inn på to spørsmål. Det eine er kvifor det oppstår krig og konflikt. Det andre er kvifor det er så mykje av dette i Midtausten i vår eiga tid. Denne responsen tar utgangspunkt i det første, som eg er opptatt av i mi eiga forsking. Det har sjølvsagt òg relevans for det andre, som eg er opptatt av i det eg har reist og arbeida i Midtausten i fredelegare tider.


Verst av alt er utryggleik

Bilde: Amazon.com
I boka Violence and Social Order (2009) slår historikaren, økonomen og nobelprisvinnaren Douglass C. North og kollegaane hans John J. Wallis og Barry Weingast fast at det grunnleggande problemet alle samfunn står overfor er å handtere vald. Dette er ikkje ein original observasjon, men kan sporast direkte tilbake i alle fall til Thomas Hobbes’ Leviathan (1651). Hobbes skildrar den statslause naturtilstanden som ein krig der alle står mot alle, og der menneskja lev ”einsame, utrivelege, dyriske og korte” liv i ”samanhengande frykt og livsfare”. For å få leve i relativ tryggleik må dei gje frå seg den individuelle fridomen til staten. Slik er det sjølvsagt ikkje i røynda. Folk i statslause samfunn lever ofte liv dei opplever som rike, gode og frie, men moderne studiar av slike grupper syner ratar av vald, overgrep og drap som får jamvel dei mest brutale regimer, både i den moderne verda og i historisk forstand, til å stå fram som fredsæle og trivelege alternativ for dei som ikkje gjer motstand. Valden i slike samfunn rammar i størst grad dei som vert rekna for å stå utanfor fellesskapen, det være seg stammen, folket eller religionen, men òg svake eller uproduktive medlemmar av flokken, så som barn, uføre, enker og eldre. For dei fleste er eit undertrykkande regime som held ro og orden langt å føretrekke framfor fråvær av statsmakt. Det unnskyldar sjølvsagt ikkje statleg undertrykking på noko vis.

Moderne og førmoderne

Max Weber, 1894, Bilde: Wikimedia
Max Weber, ein av grunnleggarane av moderne samfunnsvitskap, definerte den moderne staten ut frå
at han gjer krav om monopol på legitim valdsbruk innafor eit avgrensa territorium. Weber var utdanna historikar og kjende godt til førmoderne samfunn. Han hevda at ein sentral skilnad mellom førmoderne og moderne statar, var at dei førmoderne var bygde på partikularistiske band. Det vil si at dei forholdt seg til innbyggjarane ut frå eigenskapar ved dei som einskildpersonar, som til dømes religion, etnisitet, personleg vennskap, slektskap og så bortetter. Moderne statar var i større grad tufta på universialistiske prinsipp, der innbyggarane hadde juridiske rettar i kraft av borgarskap, og der staten ikkje skulle ta omsyn til individuelle eigenskapar og band.

North og kollegaane hans tek opp arven både frå Hobbes og Weber. Frå Hobbes tek dei med seg at menneskelege samfunn er tvungne til å regulere valdsbruk. Dei skildrar korleis samfunn handterer valdsproblemet ved hjelp av det dei kallar organisasjonar og institusjonar. Organisasjonar er ’grupper av menneske, som strevar mot ei blanding av felles og eigne mål gjennom delvis samordna åtferd’. Døme på organisasjonar kan vere alt frå statar, stammar og religiøse grupper til idrettslag og private firma. Institusjonar er spelereglane i samfunnet, dei ’formelle og uformelle mønstra som styrer samhandling mellom individa’. Det kan vere tale om lover, men òg normer for korleis en opptrer mot folk som hører til andre grupper, til dømes andre religionar.

Frå Weber hentar dei det grunnleggjande skiljet mellom moderne og førmoderne samfunnsskipnader, men til forskjell frå Weber vil dei plassere dei fleste nåtidige statar, inkludert dei i Midtausten i den førmoderne kategorien. Ei relativt lita gruppe moderne samfunn er kjenneteikna av det dei kallar fri tilgang (”open access”), resten av det dei inspirert av Hobbes kallar for naturtilstanden (”natural state”). Sistnemnte kategori er dominerte av organisasjonar som er spesialisert i bruk av vald (i den utvida tydinga av tvangsmiddel), og som bruker denne kompetansen til å styre økonomiske ressursar, makt og status, til dømes i form av inntekter, stillingar og privileger, i si retning. Oftast vil det å avstå frå maktbruk vera meir effektivt enn å faktisk bruke det, men trugsmålet om vald ligg alltid bak, og hindrar andre grupper frå tilgang til systemet, mellom anna ved å regulere høva til å skipa nye organisasjonar. Maktskifte vil skje med tvang, om ikkje nødvendigvis med vald. I opne samfunn er det derimot fri tilgang til å danne nye organisasjonar og til å konkurrere om makt og ressursar, anten det er idrettslag eller politiske parti. Valdsbruken er underordna politisk kontroll, og tilgangen til det politiske og økonomiske systemet er open.

Oss og dei andre
Lenge tenkte antropologane at folk identifiserte seg med folk som dei hadde mykje til felles med. Det er rett nok, men bergensforskaren Fredrik Barth peikte på at gruppekjensle først og fremst oppstår i det ein drar grenser mot dei ein oppfattar at ein er forskjellig frå. På Barths tid handla gruppeforskinga mykje om etnisitet. I dag er ein òg opptatt av andre former for gruppekjensle, og religion er ein effektiv variabel både for å finne felles referansar, og for å trekke grenser mot andre.

Korleis heng dette saman med situasjonen i Midtausten i dag? Etter Webers typologi står alle statane i Midtausten på ulike stadium i overgangen frå det førmoderne til det moderne. Dei fleste har sekulære forfatningar og formelt sett like rettar for alle borgarar. Særleg på 1960- og 1970-talet vart det gjort sterke forsøk på å erstatte gamle institusjonar bygd på partikulære (personavhengige) band med nye, universalistiske, i alle fall på overflata, og på å skape nasjonalkjensle på tvers av andre formar for gruppeidentitet. Problemet er at desse statsdanningane like fullt vart verande i det North og kollegaene kallar naturtilstanden. Dei formelt opne systema vart dominerte av organisasjonar basert på religion, etnisitet, stammetilknytning, slektskap og venskap, som brukte statens valdsapparat til å rigga systemet for å sikre makt, status og ressursar til eigne medlemmar.

Kva skjedde så når desse regima og gruppene dei sprang ut frå kom under press eller braut saman i møte med ytre eller indre motstand? Dei søkte å forsvare eigen posisjon og interesser med det dei var gode på, nemleg vald. I Irak og Libya måtte dei gje tapt for fiendar med større valdspotensial (USA og allierte). I Egypt vann det gamle regimet etter  kvart makta tilbake. I Syria veit ingen enno kva som kjem til å skje til slutt, men venteleg vert det ikkje vakkert. At det nye, demokratisk valde regimet i Bagdad òg viste seg å favorisere visse grupper framføre andre når ressursar og posisjoner skulle fordelast er synd, men knappast overraskande. I Libya kjemper ei rekke organisasjonar bygd på partikularistiske, førmoderne institusjonar som religion, stamme, heimstad og etnisitet om makta. Dei gjer det med vald, fordi det ikkje finnast nokon moderne stat der dei kan konkurrere opent og fredeleg om makt og ressursar, og der dei blir handsama som borgarar heller enn som  medlemmar av ei gruppe.

Kva plass har så religion i dette? Religion er openbart viktig for aktørane i konfliktane i Midtausten, og i tilfellet ISIS ser vi dessverre at religion nyttast til å legitimere vald og drap. Her er eg på linje med Tjønn. Men religionen eller nokre brutale skriftstader er ikkje årsak til krig. Religion er i første rekke ein av fleire mogelege måtar å skape gruppesolidaritet på når staten er urettvis, eller ennå verre ute av stand eller utan vilje til å garantere tryggleik og velferd for innbyggarane. Når dei irakiske, libyske og syriske statsdanningane (organisasjonane) knakar i samanføyingane, eller i tilfella Saddam, Gaddafi og Assad vender seg mot eigne borgarar, må folk vende seg til organisasjonar tufta på andre band enn borgarskap. Religion er eit slikt band, men stamme, heimstad, etnisitet og institusjonell tilknyting, til dømes til den vaklande staten, er andre.

Dette er eit forsøk på å gje ei forklaring. Noko løysing er det dessverre langt i frå. Skal Midtausten bli ein fredeleg stad over tid, held det ikkje at det etableras nye undertrykkande regime. Det må skapast opne samfunn der relasjonane bygger på universelle, juridiske rettar, ikkje berre i teori, men òg i praksis. Det kan vanskeleg skje med vald, men må komme av di lokale elitar ser seg tent med meir opne samfunn, mellom anna fordi det fører til auka velstand. Vegen dit er utvilsamt lang, men Asia, Europa og Sør-Amerika  har vorte dramatisk betre og fredelegare stadar å leve gjennom dei siste tiåra. Det gjev håp om betre tider òg i Midtausten.

Sjå òg kollega Knut Vikør sin replikk til Tjønn på shubbak.no.

Litteratur:

Hobbes, Thomas & Lausund, Olav (2012) Leviathan, eller En kirkelig og sivil stats innhold, form og makt, Del 1 og 2, [Oslo], De norske bokklubbene.

North, Douglass C. (1990) Institutions, Institutional Change and Economic Performance, Cambridge, Cambridge University Press.

North, Douglass C., Wallis, John Joseph & Weingast, Barry R. (2009) Violence and Social Orders: A Conceptual Framework for Interpreting Recorded Human History, Cambridge, Cambridge University Press.

Weber, Max (1919) Politik als Beruf, Tübingen, J.C.B. Mohr.

Weber, Max (1922) Wirtschaft und Gesellschaft, Tübingen, J.C.B. Mohr.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar